UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Vitskapeleg assistent
Det er ledig 20 % stilling som vitskapleg assistent tilknytta Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for politikk og forvaltning. Stillinga lysast ut for ein periode på 6 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Senteret adresserer eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekt blir beslutningstaking, legitimitet og maktbruk i velferdsstaten undersøkt. Dei pågåande forskingsprosjekta som ligg til senteret omhandlar særleg barns vilkår i samfunnet og komparativ forsking på...