Maritim Drift, Fjord1 AS
- Om stillinga
**Fjord1 har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Edøya - Sandvika, p.t. MF Smøla.**
MF «Smøla» er ei moderne elektrisk ferje. Ferja vart sett i drift i 2020 og er bygd for effektiv og miljøvennleg drift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid
Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.
Turnus er 2 veker på (1 uke dag/1 uke natt) og 2 veker av, noko som gir deg lange, samanhengande friperiodar og gjer det enklare å planleggje familieliv og fritid. Søkjar treng ikkje bu lokalt, då vi har hytte disponibel på Tustna.
**Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.**
Nøkkelinformasjon
- Søknadsfrist:
** **
- Arbeidsgivar:
**Fjord1 AS**