UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor
Ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei åremålsstilling for 4 år i ekstraerverv som universitetslektor (20%) i illustrasjon. Tilsetjing etter avtale.
Arbeidsoppgåver:
Vi søkjer etter ein universitetslektor til undervisning og rettleiing innan fagområdet illustrasjon. Vi søkjer ein fagleg dyktig illustratør som har ein sterk profil frå praksis i illustrasjon og erfaring innan visuell historieforteljing. Den ideelle søkjaren er ein god formidlar og har god kunnskap og kompetanse i både analoge og digitale verktøy. Erfaring frå arbeid innan karakterutvikling og redaksjonell illustrasjon er ynskeleg. Visuell og konseptuell kompetanse, samt evne til kontekstualisering vil òg bli vektlagt.