Utlendingsdirektoratet
**UDI søkjer engasjert og dyktig seksjonsleiar for Informasjonsforvaltning og arkitekturstyring (IFA)**:
Offentlig forvaltning
**Vil du vere med på å forme framtidas digitale løysingar i utlendingsforvaltninga?**
Som seksjonsleiar for Informasjonsforvaltning og arkitekturstyring i Digitaliseringsavdelinga (DIGA) vil du leie arkitektar, informasjonsforvaltarar og UX-designarar. Dette er nøkkelroller når vi skal definere og halde ved lag målbildet for moderniseringa av systemporteføljen i utlendingsforvaltninga. Du blir ein del av ei samansveisa leiargruppe på åtte, i eit miljø prega av samarbeid, høgt under taket og kontinuerleg forbetring. Som leiar vil du arbeide mykje med å sikre at organisasjonen tek rette avgjerder om arkitektur
- og løysingsval i takt med dei pågåande programma.
Hos oss skjer det mykje spanande! Utlendingsdirektoratet (UDI) har sett i gang eit stort moderniseringsprogram, der vi dei neste seks åra skal utvikle heilt nye IT-...