**Om stillingen**:
FHI leiar arbeidsoppgåvene innanfor prosjektet knytt til bruk av strukturelle tiltak. Den utlyste stillinga er knytt til dette arbeidet. Arbeidet med helsegrunna avgifter vil verta sett ut som eit oppdrag til eit eksternt forskingsmiljø og ein vil i stillinga ha eit tett samarbeid med dette miljøet.
I tillegg skal ein som del av den utlyste forskarstillinga gjennomgå bruk og innretning av helsegrunna avgifter i europeiske land. Vidare vil ein i stillinga ha ansvar for arbeidet med overvaking av politikk og tiltak retta inn mot førebygging av ikkje-smittsame sjukdomar og kreft i europeiske land. Denne oppgåva vil vera ei oppgåve som vil verta utført i samråd med blant anna WHO Euro og andre internasjonale aktørar som er involvert i liknande arbeid. Forskarstillinga vil vera knytt til Senter for evaluering av folkehelsetiltak og Avdeling for rusmidlar og tobakk ved FHI, begge organisert i Område for folkehelse og førebygging. I stillinga vil ein inngå som ein del...