UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet, klinisk institutt 1 er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er for ein periode på fire (4) år med 25 % karrierefremjande arbeid, eller i inntil 4 månader etter oppnådd ph.d.grad dersom graden blir fullført på kortare tid. Stillinga inneber 25 % karrierefremjande arbeidsoppgåver som undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, avhengig av behov ved instituttet. Stillinga er knytt til prosjektet “NorHEAD”, finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet
Hovudpine er ei stor global helseutfordring. Over ein milliard menneske verda over har primære hovudpinesjukdomar som migrene, spenningshovudpine og klasehovudpine. Desse tilstandane er blant dei vanlegaste og mest funksjonsnedsetta...