UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Stipendiat i religionsvitskap
Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur
- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er , eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Om prosjektet:
Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektet «Analysing violent variations in ancient Jewish narrative» (AViVa), finansiert av Noregs forskingsråd, som skal analysere dei formidla valdsnormene i skildringar av krigføring og organisert konflikt i antikk jødisk litteratur (ca. 500 f.Kr. - 300 e.Kr.). AViVa sitt hovudmål er å undersøkje variasjonar i valdsepisodar gjennom konfliktløpet, og å spore korleis o...