UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen, og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i marin biogeokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Ph.d.stillinga er knytt til **Polhavet 2050**, ei stor nasjonal tiårs-satsing som skal styrkje forståinga av dagens tilstand og framtidig utvikling i Polhavet. Programmet samlar 18 norske partnarar og integrerer tverrfagleg feltarbeid, innovasjon og avansert hav
- og klimamodellering. Sentrale aktivitetar omfattar fleire forskingstokt og omfattande samarbeid på tv...