Vil du vere med å utvikle framtida i Sogndal i lag med andre?
Sogndal kommune søkjer etter ein prosjektutviklar som vil vere med og forme samfunnsutviklinga gjennom små og store prosjekt med betydning for folk sine liv.
Sogndal er ein kommune i vekst, med eit aktivt lokalsamfunn, høg kompetanse og tydelege ambisjonar for framtida. Me har over 1300 dyktige medarbeidarar som kvar dag jobbar for å sikre gode, trygge og aktive liv for innbyggjarane våre. Sogndal, som alle andre kommunar, står samstundes i ein stor omstilling, der me må finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på og me treng deg som vil vere med og drive dette arbeidet framover.
Kven ser me etter?
Du har evne til å ta initiativ, drive fram prosjekt og mobilisere folk rundt deg. Du trivst i samarbeid, men har òg gjennomføringsevne og ståpåvilje. Du forstår samanhengen mellom ide, plan og gjennomføring, og likar å arbeide både strategisk og operativt frå dei første skissene til ferdig resultat ute i felt.
Du b...