Om stillingen:
Nedreberg Maskin søkjer ein fleksibel sjåfør som ynskjer ein variert kvardag med forskjellige oppgåver innanfor å køyre lastebil, gravemaskin og traktor.
Vedkommande må ha:
Førarkortklasse CE og gyldig YSK. Maskinførarbevis og relevant erfaring med forskjellige maskiner og redskap. Truckførarbevis. Være sjølvgåande, ansvarsbevist og kunne jobbe godt både sjølvstendig og i team. Beherske norsk skriftleg og munnleg. Halde god orden og vedlikehald av utstyr. Ved spørsmål eller for meir informasjon, ta kontakt på telefon til Jarle Nedreberg tlf: 97075184.