Hos Nortura Førde treng vi ekstra folk i ein travel og viktig sesong. Dette kan vere ei fin moglegheit for deg som vil prøve noko nytt, få arbeidserfaring og bidra til norsk matproduksjon.
**Kva går jobben ut på?**
Frå slutten av august til rundt 1. november har Nortura Førde ein av årets mest hektiske periodar. I løpet av sesongen skal vi ta imot og handtere store mengder sau og lam, og vi treng fleire medarbeidarar som kan bidra der det trengst.
Arbeidsoppgåvene kan vere innan slakteområde, fjøs, skjering, pakking, salgshall, logistikk eller andre delar av produksjonen. Du treng ikkje å ha gjort dette før - vi gir deg opplæringa du treng for å kome trygt i gang.
**Vi ser etter deg som**:
- er over 18 år
- møter presis og er til å stole på
- trivst med fysisk arbeid og likar å ta i eit tak
- samarbeider godt med andre
- kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- er positiv, nysgjerrig og klar for å lære
Det viktigaste for oss er ikkje k...