Seniorrådgivar Møre og Romsdal Politidistrikt Frist Ansettelsesform Fast Ein meiningsfull arbeidsplass for deg som vil ta del i samfunnsoppdraget til Statens barnehus og politiet Om stillinga Seksjon for Statens barnehus etablerer i andre halvdel av 2026 ei underavdeling i Kristiansund. Vi søkjer derfor etter tre fagleg sterke og utviklingsorienterte seniorrådgivarar som ønskjer å ta del i samfunnsoppdraget til barnehuset i politiet. I rolla får du ein variert og fagleg interessant arbeidskvardag, med mykje ansvar. Sentrale arbeidsoppgåver er knytt til saksarbeid i samband med avhøyr av barn og særlig sårbare vaksne. Du skal leggje til rette for trygge rammer under avhøyr, kartlegge oppfølgingsbehov og gi tilpassa oppfølging til målgruppa. Tverrfagleg og tverretatleg koordinering kjenneteiknar mykje av arbeidet, og høg samhandlingskompetanse er derfor avgjerande i rolla. Teamet i Kristiansund vil samarbeide nært med dei tilsette ved hovudavdelinga i Ålesund og ha felles leiing. Hovud...