Om stillinga
Kvinneklinikken søker seksjonsoverlege ved fødeseksjon.
Kvinneklinikken ved Haukeland Universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.
Klinikken er delt inn i fødeseksjon, seksjon for gynekologi (delt i avdeling for generell gynekologi og kreft), seksjon for fostermedisin og ultralyd og seksjon for assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4500 fødslar og rundt 3000 operative inngrep. Fødeseksjon har 13 overlegar i i heil
- og deltidsstillingar i tillegg til LIS i rotasjon. Seksjonen blir leia av to seksjonsoverlegar, der ein går ut i planlagd permisjon frå januar 2026. For å sikre godt leiarskap utlysast vikariat som seksjonsoverlege i eitt år. Seksjonsoverlegane høyrer til nivå 3 i organisasjonsstrukturen og rapporterer til Klinikkdirektør. Dei inngår i leiargruppa i legeseksjonen, samt i utvida leiargruppe i klinikken. ...