Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig ei spennande og utfordrande stilling som studiekoordinator/stadfortredar (100 % rådgjevar/seniorrådgjevar) med tilsetjing frå 1. mai 2026. Stillinga inneber overordna ansvar og drift av studieporteføljen ved instituttet, i tillegg til å vere stadfortredar og støtte for administrasjonssjef ved behov.
IGS har ansvaret for fire masterprogram, i tillegg til mange enkeltemne i både eigne studieprogram og inn mot alle studieprogram ved Det medisinske fakultet, inkludert medisinstudiet. Stillinga krev gode ferdigheiter i digitale verktøy av ulike slag, og evne til å vere god s...