**Har du lyst til å jobbe med formidling av helsestatistikk?** Helse Førde** lyser ut eit engasjement i 100% stilling i eit år som **rådgjevar**i seksjon for **forsking og innovasjon**.
Vi søkjer ein engasjert rådgjevar med høg digital kompetanse som vil bidra til å styrke formidlingsarbeidet i Samhandlingsbarometeret og Helsealtas. Du vil jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag og bidra til å gjere statistikk i nettportalane meir tilgjengelege for brukarane. Nettportalane vert mellom anna brukt av tilsette i sjukehus, primærhelsetenesta, leiarar i kommunar og helsefellesskap.
**Om stillinga**
Hjå oss vil du samarbeide med kollegaer frå mange ulike fagfelt, og ha ei viktig rolle både i tekniske spørsmål knytt til dei digitale plattformane og innan kommunikasjon generelt. Du får også moglegheit til å samarbeide med kollegaer i Helse Vest, andre helseforetak utanfor regionen og andre nasjonale aktørar.
Samhandlingsbarometeret og del av Helseatlas vert forvalta og drifta av Helse...