Vil du vere med å forme framtidas sikkerheitspsykiatri?
Vi søker ein varm og klok psykologspesialist til fast stilling ved Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Klinikk sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen. Hos oss får du arbeide med ei kompleks og spennande pasientgruppe i eit sterkt fagmiljø, med gode moglegheiter for fagleg utvikling, påverknad og fordjuping.
Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. RSA har 10 sengeplassar og gir tilbod til pasientar i Helse Vest med alvorlege psykiske lidingar og høg voldsrisiko. Pasientane har ofte samansette utfordringar, inkludert ruslidingar, personlegdomsforstyrringar og utviklingsforstyrringar. Vi arbeider tett tverrfagleg og legg vekt på: