Den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal har ledig 50-100 % fast stilling som psykolog. Stillinga inngår i tannhelsetenesta sitt TOO-team (tannhelsetilbod til tortur- og overgrepsutsette og personar med odontofobi), kombinert med arbeid i TBiT (Trygge Barn i Tannbehandling). TOO er eit prosjekt i regi av Helsedirektoratet, og prosjektet sitt mandat er å tilby kognitiv åtferdsterapi til målgruppa. TBiT er eit behandlingstilbod for barn og ungdom mellom 8-18 år som har tannbehandlingsangst og/eller sprøytefobi i den grad at dei ikkje meistrar ordinær tannbehandling.
Stillingstype er 50-100 %. Endeleg stillingsomfang og fordeling mellom TOO og TBiT blir avklart før tilsetting.
Tenestestad vil vere i Molde ved den offentlege tannklinikken Molde kompetanseklinikk.
Du får jobbe med