Er du ein trygg, tydeleg og engasjert fagperson som ønskjer å bidra til gode rammer for meistring, utvikling og livskvalitet?
Vi søkjer etter personar som ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen gjennom relasjonsbygging, omsorg og fagleg oppfølging. Vi ser etter medarbeidarar med ulik fagleg bakgrunn som kan bidra til eit sterkt fagmiljø og gode tenester for brukarane våre.
Vi ønskjer å finne dyktige medarbeidarar som kan bidra positivt inn i eininga vår – og vi håpar du er ein av dei.
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er i ferd med å etablere ei ny avdeling som skal yte heildøgnstenester til inntil fem brukarar med ulike utfordringar og problemstillingar. I høve dette planlegg vi for å opprette fleire stillingar.
Det vert planlagt for turnusordning med nattevakter, langvakter og medlevarordning/døgnturnus (2-7-2-7-3-7). Skriv gjerne i søknaden kva type turnus som kan vere aktuell for deg. Også om det skulle vere aktuelt med fleire alternativ....