Om stillinga
**Ei treårig fulltids stilling som postdoktor ledig for tre år ved Kvinneklinikken, Haukeland Universitetssjukehus (HUS)**
Stillinga er ledig frå .. Stillinga er knytt til prosjektet ”Rethinking Ovarian Cancer: Developing Diagnostic and Functional Tools and Designing Innovative Multimodal Treatment Strategies» og er finansierte av Trond Mohn forskingsstifting og Haukeland Universitetssjukehus.
I Noreg blir årleg 500 kvinner diagnostiserte med eggstokkreft. Trass i god initial respons på behandling, vil dei fleste oppleve tilbakefall, og overlevingsraten er framleis låg. For at immunterapi skal kunne integrerast vellykka, må vi få betre innsikt i tumorheterogenitet og det immunsuppressive mikromiljøet. Fokuset for prosjektet er å styrkje forståinga vår av immunobiologien i eggstokkreft, utvikle nye immunoprofileringsteknologiar for biomarkøridentifikasjon og funksjonell testing. Dette skal vi oppnå gjennom ein translasjonell biomedisinsk tilnærming. Multi-omics im...