Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Postdoktor i innan eksperimentell kvanteteknologi for fusjonsforsøk med laser
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ei ledig stilling som postdoktor innan eksperimentell kvanteteknologi for fusjonsforsøk og eksperiment innan laser, i samarbeidsprosjektet NAPLIFE. Stillinga er ei åremålsstilling for 3 år og er finansiert av det nasjonale laserfusjonsprosjektet FUSENOW.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet skal utforme, utvikle og karakterisere nanofabrikerte mål (targets) for bruk i fusjonseksperiment med laser, for å auke og forbetre måla sin antenning og utnytting. I tillegg til å utvikle og fabrikkere måla, vil ein del av prosjektet vere knytt til å byggje eit testoppsett...