🍁 SearchCanadaJobs.com

Ph.d.-stipendiat I Kvanteteknologi

Company

Universitetet i Bergen

Location

bergen, bergen

Type

Full-time

UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Ph.d.stipendiat i kvanteteknologi
Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i kvanteteknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Stillinga er ein del av fakultetet si satsing på kvanteteknologi og -vitskap ved Institutt for fysikk og teknologi. Ved instituttet er teoretiske simuleringar av kvantesystem, utvikling av optimaliseringsalgoritmar og kopling mellom laserar og kvantesystem aktive forskingsområde. Det går òg føre seg eksperimentell verksemd, basert på kvanteeigenskapane til nitrogenvakansar i diamant, retta mot applikasjonar innan kvantesensing og grunnforsking...

🍁 Ready to Apply?

Take the next step in your Canadian career

Apply Now