UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Stipendiat
Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i geokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av InFluSe-prosjektet (Integrated study of Fluid Migration and Seepage in the Southern Norwegian North Sea - Implications for hydrocarbons, environment, and CO2 storage) som er støtta av Norges Forskningsråd, DNO, Equinor og AkerBP.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
I den sørlege norske delen av Nordsjøen er det gjort mange observasjonar som gjev prov for storskala migrasjon av hydrokarbon og naturleg lekkasje. Dette inkluderer...