UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei stilling som ph.d.stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til prosjektet GYRED (GYRE-induced Variability in North Atlantic circulation - Dynamics and impacts on overturning) finansiert av Noregs forskingsråd.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Den storskala sirkulasjonen i Nord-Atlanteren ledar varmt og salt vatn nordover i Golfstraumsystemet og er viktig for klimaet vårt. Delar av vatnet blir resirkulert i den subtropiske gyren og den subpolare gyren. I kva grad variabiliteten i dei store gyrane bidreg til å en...