Om stillinga
Augeavdelinga søker ein operasjonssjukepleiar. Har du lyst å utgjere ein forskjell? Då er du ein av oss.
Seksjon for operasjon treng ein operasjonssjukepleiar i 100% fast stilling. Du blir ein av eit team på 10 som bemannar 4 stover, 3 stover i Augebygget og ei stove i Glassblokkene. I tillegg har vi ein dagkirurgisk seksjon som har 3 operasjonsstover. Vi har regionalt ansvar i Helse Vest og er universitetsavdeling. Avdelinga utfører om lag 48 000 behandlingar pr.år, og dekker alle funksjonar innan augebehandling. Vi har operasjonar i både lokal og generell anestesi. Augeavdelinga har hatt ein stor auke i aktivitet dei siste åra, og det er forventa ei auke på 50% fram mot 2040. Vi ønsker å vere ei leiande avdeling innanfor faget. Avdelinga er organisert i 4 seksjonar. Ein seksjon for legetenester, ein for kontortenester, ein for operativ verksemd og seksjon for poliklinikk og dagbehandling.
Vi ønsker deg som liker å ta ansvar for å drifte stova du arbeider på og f...