Kvardagen har eit anna tempo når du bur på ei øy uten fastlandsforbindelse. Som oftast er det eit meir behageleg tempo, unntaket er når du skal rekke ferja. Lengst vest i Sognefjorden ligg det nokre slike øyer som til saman utgjer Solund kommune. Dei har 737 innbyggjarar, ca. 140 kommunalt tilsette og i overkant av 100 millionar i frie disponible inntekter i året.
Sjølv om vi er ein liten kommune er krava som vert stilt til oss dei same som krava som vert stilt til alle andre kommunar. Vi skal lage budsjett – og økonomiplanar, levere årsrekneskap og årsmelding, og fylgje og utvikle kommunen sitt eige finans- og økonomireglement. Sjølv om kvardagen er roleg kan arbeidsdagen være hektisk, særleg i november og februar.