**Om stillinga**:
Dette er ei unik moglegheit for deg som vil ta del i eit sterkt fagmiljø og bidra til å ta vare på viktig natur og naturverdiar i Vestland.
Statsforvaltaren i Vestland søkjer etter to engasjerte økologar/biologar/naturforvaltarar for å styrke fagmiljøet vårt i Leikanger og Bergen.
Miljøavdelinga vert leia frå Bergen, og har 42 tilsette i to seksjonar; naturmangfald og forureining.
Kontorstad for stillingane er Bergen eller Leikanger.
**Arbeidsoppgåver**:
Arbeid med verneområdeforvaltning, utgreiing av nytt vern og oppfølging av verneprosessar.
Planlegge og gjennomføre naturrestaureringsprosjekt.
Arbeid med rovvilt og villreinoppgåver, og vareta sekretærfunksjon for rovviltnemnd og villreinnemnder.
Sakshandsaming innan seksjonen sitt ansvarsområdet.
Informasjon, rettleiing og fagleg formidling.
Andre oppgåver kan og bli aktuelle, alt etter kva oppgåver som er prioriterte, og kva erfaring og kompetanse søkjarane har.
**Kvalifikasjonar...