Bufetat Region vest
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
MST Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk senest onsdag 5. november
Bufetat region vest har ledig fast 100% stilling som rettleiar for MST team i Bergen.
Barne-, ungdoms og familieetaten har eigne einingar som driv med Multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. MST er eit frivillig hjelpetiltak i heimen for familiar med ungdom mellom 12 og 18 år der ungdomen har alvorlege utfordringar i relasjonar til familie, skule og nærmiljø i form av fysisk eller verbal aggresjon, hærverk, rusproblem, skulefråvær og venner som har uheldig innverknad på dei. For nokre av ungdomane kan MST være eit alternativ til flytting ut av heimen. MST jobbar for å auka skuledeltaking, gjenoppretta godt samspel heime, auka positive fritidsaktivitetar og me...