Microsoft 365 Administrator
- Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT
- Søk på stillinga- (i ny fane)- Om stillinga
Helse Vest IKT har ansvaret for produksjonen av IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og tryggleik. Dette omfattar rundt 1300 system og omtrent 37 000 tilsette. Seksjonen Skytenester forvaltar og driftar mellom anna Microsoft 365 og Azure. Vi er 11 tilsette som er delt inn i tre team: M365, Azure infrastruktur/Power Plattform og Microsoft 365/Azure sikkerheit.
Som M365-konsulent i seksjonen Skytenester vil du vere med på å drifte og vidareutvikle M365-plattforma i eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Vi er ute etter deg som har erfaring med å drifte og forvalte Microsoft 365-plattformen som IT-administrator.
Helse Vest har migrert alle medarbeidarar til Microsoft 365 samt alle SharePoint-sites, og er komne langt i å ta dette i bruk. Hos oss får du høve til å arbeide i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje...