Prima Assistanse avdeling Vestland
5600 Norheimsund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
BPA assistent
Type ansettelse
Annet, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Eg er ein kjekk kar på 30 år som treng ny assistent. Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje redd for å bli skitten på hendene. Eg er interessert i politikk, landbruk og musikk, og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn. Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar, bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell og liknande. I tillegg liker eg reising, fest og alt som gjev adrenalin. Eg ser etter ein assistent som kan sjå og tåla ein spøk, samt e...