(i ny fane)
- Om stillinga
**Helse Møre og Romsdal ønskjer å ta inn nye lærlingar i portørfaget!**
Føretaket vart godkjent som lærebedrift i portørfaget mot slutten av 2023, og i august 2024 tok vi imot dei første lærlingane.
Vi planlegg no å ta inn to nye lærlingar ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) og to nye ved Ålesund sjukehus, med oppstart i august 2025.
Dyktige portørar spelar ei viktig rolle i ein travel arbeidskvardag og bidreg til god pasientflyt, samstundes som dei styrkjer fagmiljøet vårt. Læretida i portørfaget er ei særs spanande moglegheit for deg som ønskjer ein aktiv og variert arbeidskvardag, der du òg er til stor nytte for pasientar og kollegaer.
**Er du serviceinnstilt, kommuniserer godt med andre menneske og er interessert i portøroppgåver i spesialisthelsetenesta? Då håper vi å høyre frå deg!**
Mottak av lærlingar skjer gjennom eit godt samarbeid mellom aktuelle fagmiljø og lokale opplæringskontor. Målet er å tilby lærlingane fast tilsetj...