Om stillinga
Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.
- Hospitaldrift har 8 einingar og ca. 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Sikkerheit er ei av einingane i Hospitaldrift og har 3 seksjonar, seksjon for sikkerheit, seksjon for resepsjon og seksjon for parkering. Eininga er offentleg godkjend for å drive vaktverksemd.
- Vi ser etter deg som er ferdig med vg2 og klar for å utvikle deg i faget gjennom to års læretid. Du trivst med utfordringar, er fleksibel, fagleg dyktig samt likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar. I løpet av det første halvåret får du tilbod om vektarkurs.
- Vi har no ledig ein 100% s...