Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar
- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 340 ansatte.
**Vil du vere med og halde hjula i gong? Bli ein del av vår dedikerte gjeng på køyretøyverkstaden!**
No søkjer me etter ein ny kjøretøymekanikar til vår verkstad. Stillinga er ei viktig brikke for å oppretthalde stabil drift og oppetid på kritisk utstyr.
**Kvifor skal du velje oss?** Du får moglegheita til både fagleg og personleg utvikling i eit konsern som ynskjer at du skal lukkast! Me har det kjekt på jobb med varierte dagar og eit arbeidsmiljø som er p...