Eg er ei ung dame på 30 år som søkjer etter fleire personlege assistentar og tilkallingsvikarar. Eg er ei sjølvstendig dame som treng engasjerte og flinke personar som likar å ta ansvar og følge opp både praktiske og personlege oppgåver. Eg bur i eigen bustad og assistansen vil vere i og utanfor heimen. Eg er på jobb på dagtid.
Eg er ei aktiv dame som likar å vere i aktivitet. Turgåing i nærområdet, men også fjellturar er noko eg likar veldig godt. Eg likar og å besøke vennar, pc/mobil, spele kort/brettspel. Det er fint om du delar nokon av desse interessene med meg. Eg har epilepsi og treng tilsyn og tryggheit i kvardagen, i tillegg til at eg også treng rolege stundar.