Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instituttleiar
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei stilling som instituttleiar (100%) ved Griegakademiet - Institutt for musikk frå 1.1.2026. Tilsetjingsperioden er fire år (åremål), med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing.
Vi ønsker deg velkomen som søkjar til ei spanande og utfordrande leiarstilling.
Arbeidsoppgåver:
Instituttleiar skal drive strategisk leiing og har samstundes det overordna ansvaret for instituttets verksemd. Instituttleiar har personalansvar og innstillande mynde ved tilsetjingar. Instituttleiar sit i fakultetet si leiargruppe (Instituttleiarforum) og rapporterer til dekan. Instituttleiar legg til rette for bruk av tid til forsking, kunstnarleg utviklingsarbeid, utdanning og formi...