Er du ein trygg vaksen som likar leik, aktivitet og gode relasjonar?
Då treng me deg på SFO ved Leirvik, Hystad og Rommetveit skule
Etter innføring av gratis kjernetid i SFO opplever me ein stor auke i elevtal, og har difor behov for å rekruttera fagarbeidar / assistent til SFO -- i første omgang ved Leirvik skule og Rommetveit skule, men det kan òg bli aktuelt med behov ved andre skular i kommunen.
Me har trong for tilsetjing på kort varsel, samt tilsetjing frå skulestart i august 2026.