Vil du vera med å utvikla Klepp kommune som arbeidsgivar? HR-avdelinga i Klepp kommune søkjer no etter to nye medarbeidarar. Hos oss får du arbeide breitt innan HR-faget og vere med på å utvikle framtidas arbeidsgivarpolitikk. Du vil få ei sentral rolle i arbeidet med leiarstøtte, kompetanseutvikling, IA-arbeid, HMS, lærlingordninga og vidareutvikling av Dossier som kommunen sitt verktøy for læring og kompetansestyring. Vi søkjer deg som trivst med å arbeide tett på både leiarar og medarbeidarar, og som ønskjer å bidra til gode tenester gjennom profesjonell HR-støtte og utviklingsarbeid.