(i ny fane)
- Om stillinga
**Er du ein som likar å handtere mange ulike arbeidsoppgåver, og som framstår som løysingsorientert og positiv i arbeidsmiljøet? Då kan du vere den vi ser etter!**
**Kontor Medisin Ålesund har no ledig to faste stillingar**:
**100 % fast stilling**p.t. som**postsekretær Medisin 2 - Ledig frå snarast
**50 % fast stilling**p.t.**på nyre poliklinikk - Ledig frå
Det er viktig å presisere at vi er ein seksjon, og at ved behov kan ein bli flytta på innad i seksjonen.
Vi yter tenester til fleire poliklinikkar og sengepostar innan dei ulike medisinske fagområda og nevrologi, og har eige dokumentasjonssenter.
Seksjonen består av sekretærar som arbeider nokså spreidd rundt på sjukehuset, men som likevel har god kontakt med kvarandre gjennom ulike Teams-kanalar, møtepunkt og samarbeid på tvers i seksjonen ved ulike behov.
- Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV._
Nøkkelinformasjon
- Søknadsfr...