Vil du jobbe for gode tenester til personar med utviklingshemming, og legge til rette for meistring, aktivitet og trivsel? Då kan du vere personen vi ser etter.
Miljøtenesta har no ledig to 100 % faste stillingar, ei stilling som helsefagarbeidar og ei stilling som miljøterapeut. I Miljøtenesta vil du jobbe langvakter og døgnvakter, vi har årsturnus. Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid.
**Arbeidsoppgåver**:
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar med brukar
- Samarbeid og ivaretaking av brukarar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Journalføring og dokumentasjon
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
**Kvalifikasjon...