Nissedal kommune har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut frå 25. august 2026. Me ser etter deg som er fagleg dyktig og engasjert,– og som ønskjer å vere med å utvikle tenesta.
Hos oss får du ein variert og meiningsfull kvardag, der du arbeider tett på innbyggjarane - frå dei aller yngste til dei eldste. Stillinga gir stort rom for fagleg påverknad og utvikling, og du får i høg grad vere med å forme innhaldet sjølv. Kommunen har stort fokus på førebyggjande arbeid retta mot barn og unge, so her ligg det gode moglegheiter for deg som brenn for tidleg innsats og helsefremjande arbeid.