UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis II i religionsdidaktikk
Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv - «bistilling») som førsteamanuensis II i religionsdidaktikk ved Institutt for arkeologi, historie, kultur
- og religionsvitskap (AHKR). Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Ønskja oppstartsdato for stillinga er , eller så snart som mogleg etter dette.
Eit krav for tilsetjing i bistilling er at ein har ei hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen.
Religionsvitskap ved AHKR
Religionsvitskap ved Universitetet i Bergen er eit sekulært og forskingsintensivt fagmiljø med ekspertise på ei lang rekke religiøse tradisjonar frå ulike delar av verda i fortid og notid. Vi forskar på eit breitt utval tema ved hjelp av forskjel...