UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis
Ved Institutt for geovitenskap (GEO) er det ledig ei stilling som førsteamanuensis innan kvartærgeologi og paleoklimatologi.
Den som får stillinga, skal ta initiativ til og levere forsking av høg kvalitet, tiltrekkje ekstern finansiering, og etablere eit høgt nivå av nasjonal og internasjonal aktivitet og samarbeid, med potensial til å bli ein leiande fagperson.
**Om instituttet**
Instituttet er stort og har brei forskings
- og utdanningsprofil, med fleire forskingsgrupper som ligg i front innan sine felt. Gjennom forsking, innovasjon og undervisning skal instituttet bidra med geofagleg kompetanse for å løyse utfordringar Noreg og verda står overfor i dag o...