UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie
- og arbeidsplass.
Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv «bistilling») i medisin (klima og helseprioriteringar)
Ved Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS), eit Senter for framifrå forsking ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin**,**er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % ekstraerverv «bistilling») i medisin i 5 (fem) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Folkehelseinstituttet. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor forskingsfeltet helseprioriteringar, dokumentert evne til å publisere i høgt rangerte tidsskrift på helse og klimatilpassing, migrasjon, og etikk o...