Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar (prosjektkoordinator)
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje på ei interessant og utfordrande stilling ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL), Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen. Instituttet har ledig ei mellombels 100 % forskartstilling som prosjektkoordinator. Stillinga er for ein periode på 3 år med oppstart 1. februar 2025 og knytt til prosjektet «Trust and identity among European adolescents and emerging adults» (ENGAGED), finansiert av Horisont Europa. HEMIL er koordinator for prosjektet.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
ENGAGED skal undersøkje kva rolle sosial, kulturell og politisk identitet spelar for ungdom og unge vaksne sitt engasjement og deltaking i lokalsamfunnet og demokratiske prosessar. Gjennom prosje...