Odda
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i stadig utvikling, og vi blir kontinuerleg utfordra på kva bank skal vere. Dette gjer at vi heile tida må tenkje nytt, og du vil derfor ha stor påverknadskraft hos oss.
Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss - og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
**Om kontoret og laget**:
I Odda/Kinsarvik er vi eit engasjert og kompetent lag som jobbar tett saman for å skape gode kundeopplevingar og vidare utvikling i regionen. Vi har ei sterk lokal forankring og er stolte av rolla vi spelar - både for kundane våre og for lokalsamfunnet.
Privatmarknadsteamet består av dyktige rådgjevarar med høg fagkompetanse og eit sterkt engasjement for kundane sine. Her deler vi kunnskap, heiar på kvarandre og jobbar strukturert mot felles mål. Som leiar blir du ein v...