Om stillinga
Bemanningssenteret i Helse Bergen søker tilkallingsvikarar til Senter for nukleærmedisin/PET, Radiologisk avdeling, Helse Bergen. Senter for nukleærmedisin/PET søker tilkallingsvikarar til stillingar som syklotronoperatør for legemiddelproduksjon ved senteret.
Hovuddelen av arbeidet går føre seg tidleg på morgonen, med typisk start mellom kl. 04:30 og 05:15, og med om lag to-tre timars varigheit. Det er behov heile året, også i ferieperiodar. Det kan også vere behov for arbeid på nattetid dersom senteret begynner med levering til andre sjukehus.
Aktuelle kandidatar vil bli tilsett via Bemanningssenteret, men vil gå vakter ved Senter for nukleærmedisin/PET, Radiologisk avdeling.
Senter for nukleærmedisin/ PET er eit av dei største nukleærmedisinske sentera i landet med ca. 40 medarbeidarar fordelt på ulike yrkesgrupper. Vi utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke og i tillegg har vi enkelte regionale
- og landsdekkande f...