Sogndal kommune
**Driftsoperatør VA i Balestrand**:
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
- Vil du vere med og sikre reint vatn og gode avløpsløysingar i Balestrand?
Me i Sogndal kommune søkjer ein driftsoperatør for vatn og avløp (VA) som vil ta del i eit fagmiljø som har ansvar for noko av det mest grunnleggande me har; reint vatn i springen og trygge løysingar for avløp.
**Om jobben**
Du får hovudansvar for drift og vedlikehald av kommunale vass
- og avløpsanlegg i Balestrand - frå leidningsnett og pumpestasjonar til høgdebasseng og reinseanlegg.
Det VA-tekniske er kjernen i stillinga, men me er eit lite og tett team så når alt går som det skal, vil du òg bidra i resten av teknisk drift i Balestrand.
Stillinga er 100 %, og du vil vere ein viktig del av beredskapen for vatn og avløp.
Arbeidsstaden blir i hovudsak Balestrand, både fordi beredskap krev lokal tilstadevering og fordi ferga ikkje alltid går om natta. Du rapporterer til formann på Leik...