Om stillinga
Vi søker ein engasjert og fagleg sterk diabetessjukepleiar til Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM).
Stillinga har hovudfokus på diabetesbehandling og oppfølging av pasientar som får medisinsk teknisk utstyr i heimen. Vi arbeider direkte og indirekte med både pasientar og deira støtteapparat, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling.
Vi ser etter deg som har solid kompetanse innan diabetes og som trivst i eit fagfelt i kontinuerleg utvikling. Du vil få ei viktig rolle i samhandling med kliniske miljø, pasientar og leverandørar - og vil få moglegheit til å bidra i anbodsarbeid.
BHM har ansvar for utlån og oppfølging av medisinsk teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell innanfor fleire ulike fagområda til heimebuande pasientar i Helse Bergen. Eininga har eit tett samarbeid på tvers av dei ulike fagområda, og tilbyr i tillegg poliklinisk oppfølging og opplæring. Du vil bli del av eit tverrfagleg og kompetent fagmiljø som arbeide...