Jærmuseet Frist Ansettelsesform Fast Ta imot gjestene våre med eit smil Ein litt uvanleg butikkjobb Som butikkansvarleg og den som tar imot gjestene på Vitengarden får du ein variert kvardag med både butikkdrift og møte med publikum. Du har ansvar for museumsbutikken - frå vareutval og nye leverandørar til utstillingar, kampanjar og justeringar ut frå marknad og trendar. I møte med gjestene sel du billettar og årskort, ønskjer familiar, grupper og elevar velkomne og gir dei eit godt førsteinntrykk av Vitengarden. Du bidreg òg der det trengst i kvardagen, til dømes med borddekking til arrangement, planlegging og vertskap på aktivitetsdagar, eller ved årleg vedlikehaldsveke. Når kyrne skal skifta beite, treng me òg ei hjelpande hand. Du trivst med digitale verktøy som kassesystem, booking og e-post. Du får òg høve til å læra opp ungdommar som er - eller skal bli - vertar hos oss, i butikk, billettsal og god vertskapsrolle. Du blir ein del av eit gildt team på Vitengarden, med mykje uli...