**Arbeidsgiver**:Mio BPA
**Tiltredelse**:Snarest
**Stillingstype**:Fast
- **Arbeidstid**: Kveld
Hei!
Eg er ein aktiv og kreativ gut på 9 år som bur på Stord saman med familien min. Eg elskar å vere i aktivitet - gå tur, sykle, køyre båt og fiske. Heime likar eg å spele basketball, bordtennis og hoppe på trampoline. Eg er glad i å lage ting og bake, og på fritida går eg på symjing og bordtennis. Av og til reiser eg på turneringar og treningssamlingar, så det skjer mykje kjekt i kvardagen min!
Eg er som 9-åringar flest, men eg har nokre utfordringar som gjer at eg treng ekstra bistand. Eg har Cerebral Parese, som påverkar høgre sida av kroppen min, og i tillegg har eg diabetes type 1 og epilepsi. Eg nyttar hjelpemiddel som sykkel, manuell og elektrisk rullestol ved behov. Du må hjelpe meg med daglege gjeremål, handtering av diabetes og medisinsk utstyr, og vere med meg på fritidsaktivitetar og sosiale samanhengar.
** Stilling og arbeidstid**:
- Fast deltidsstillin...