Brannkonstabel
- Ørsta kommune, Brann og redning
- (i ny fane)- Om stillinga
Ørsta Brann og redning har ledig to faste deltidsstillingar som brannkonstabel ved Vartdal brannstasjon.
Brannstasjonen ligg ved E39 i Vartdal sentrum og har 10 fast deltidstilsette brannkonstablar. Som deltidsbrannkonstabel rykker du ut frå der du er, enten du er heime, på butikken eller på jobb på Vartdal. På brannstasjonen skiftar du til utrykkingskle og reiser ut med brannbilen til hendingsstaden. Arbeidet består av utrykking til akutte hendingar og øvingar. Brannkonstablane på Vartdal rykker i snitt ut til 17 hendingar i året.
Dei siste 6 åra har brannkonstablane til Vartdal rykt ut til 89 hendingar. Av desse var det 46 trafikkulykker, 16 brannar, 13 unødige alarmar, tre akutt forureining, ei naturhending og 10 andre oppdrag.
Stillingsprosenten står for det faste timetalet ein har kvart år, som er øvingane. Ein øver i snitt 10 gongar i året.
Alle som er tilsett ved stasjonen må ha bus...